Norsk English

Tilbod ved utleige

Konsertsalen kan leigast til konferansar, møter o.l.
Salen har 150 sitjeplassar og gode tekniske fasilitetar. Ved leige av konsertsalen disponerer ein alt utstyr som lydanlegg, prosjektor og lerret.
Det er og mogleg å leiga salen med flygel.

Det er også høve til å leiga foajéen. Dette gjeld då utanom dei aktuelle opningstidene på huset.  

I samband med utleige kan Kabuso tilby servering av kaffi/te/mineralvatn, frukt, kaker, smørbrød og annan saltmat etter ynskje. Ta kontakt for menyprat!
All mat er kortreist eller laga på staden. 
    
Det er også høve til å tinga omvisingar i Kabuso sine skiftande utstillingar og/eller i den stemningsfulle skulptursamlinga i Ingebrigt Vik museum. 

Om ynskjeleg kan Kabuso også organisera kortare konsertar i samband med utleige. 

Ta kontakt for førespurnad om arrangement:
Tlf 47 47 99 87 (Torunn) eller post@kabuso.no

 

Filer