Norsk English

31.10-13.12: Anngjerd Rustand - Blåbær og aske (f)

Blåbær og aske (2015) er sett saman av fleire måleri på silkepapir (opphavleg to hundre). Desse har vorte til i gjentakinga av eitt enkelt grep:
Saft av blåbær og ei oppløysing av aske og vatn er blanda saman og helt ut over dei skjøre arka. 

Pigmentet som gjev blåbæret farge er ph-følsomt. Aukande tilførsle av den basiske aska trekkjer fargen frå intenst raud via fiolette, blå og grøne nyansar - før dette ved eit visst blandingsforhold vert brote ned til bleikare jordfargar. 

Veska vert filtrert gjennom papiret og dannar bekkar og formasjonar i ulike fargar etter kvart som ho trekkjer utover.
Blåbær og aske er eit landskapsbilete og eit mikrokosmos.

Bileta vert brotne ned over tid. Til utstilinga i Kabuso viser Rustand eit utvalg av dei nyaste bileta frå serien. Desse vert montert i foajéen, der dagslyset vil endra og bleikna fargane i løpet av utstillingsperioden.