Norsk English

Wim van den Toorn - Mellom BY og BYgd (f)

03.10 - 20.01 2013  
Med utstillinga BY og BYgd ynskjer Wim van den Toorn å syna ei kunstnarleg utvikling med skifte av påverknad frå urbane til rurale omgjevnadar.  

I 2008 flytta Wim van den Toorn (1969) frå storbyen Amsterdam til bygda i Kvam, Hardanger. Etter å ha måla detaljar frå urbane omgjevnadar i fleire år, vart motiva etterkvart henta frå engelske og sidan skandinaviske landlege omgjevnadar.

Bakgrunnen var ei sterk lengt etter stille og natur. "Eg ynskte å berre forhalda meg til véret, lyset og landskapet", seier van den Toorn. 

Etter tre år med reiser mellom Amsterdam og distrikts-Noreg flytta han til dei landlege motiva i måleria sine. "Eg bur i husmåleria mine frå Noreg no", seier han. 
 For å tolka det norske landskapet måtte van den Toorn etterkvart tilbake til den non-figurative stilen han nytta tidlegare. No virka husa som ein del av landskapet. Dei non-figurative måleria vart eit uttrykk for det som omgav husa og som han tidlegare hadde vore så oppteken av.    

Uroa har no kome tilbake. "Frå stilla ved fjella ser eg ut over verda. Eg vert påverka og inspirert av all uro og av utviklinga i notida. I dei siste måleria mine forlet eg det trygge norske huset mitt og møter verda igjen. Byen er ein stad der  samtidsutviklinga vert gjort synleg og står som eit symbol for denne. Frå det paradisiske og isolerte Hardanger får eg eit klårt oversyn". 

Utstillinga syner to adskilte realitetar som er uløyseleg knytt til kvarandre. Akkurat slik det er i kunstnarskapen og livet til Wim van den Toorn.