Norsk English

12 Vindu og VÄLITILA (h)

Arne Ingvaldsen og Suvi Nieminen er båe bergensbaserte kunstnarar som arbeidar
med innan- og utandørs installsjonar. No har dei produsert ei stadsspesifikk utstilling for Kabuso. Her vil dei utfordra rommet, vindauga og overgangen mellom inne og ute.

Arne Ingvaldsen er kjend for sine store tredimensjonale installasjonar, og har bl.a. hatt utsmykkingsoppdrag i samband med utbygginga av Nonneseter i Bergen. Ingvaldsen har utdanninga si frå Vestlandske kunstakademi, Kunstakademiet i Warszawa og arkitektavdelinga ved NTNU.
Ingvaldsen er innkjøpt av Norsk Kulturråd.

Suvi Nieminen kjem opphavleg frå Finland. Ho har si utdanning frå Kunstindustrielle Högskolen, Helsingfors, og frå Vestlandske Kunstakademi. Nieminen er bl.a. representert i samlingane til Samtidsmuseet, Bergen Kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum, Bergen Kommune og Norsk Kulturråd.
Nieminen er kjend for eit stille og minimalistisk uttrykk der ho utforskar og utfordrar materialar frå industri. Utsmykkingar av Nieminen kan bl.a. opplevast i rundkjøringa i Osøyro sentrum, resepsjonen i Statoils hovudkontor i Stavanger og Tyssevika kaianlegg i Ulvik.

Flere bilder

  • Arne Ingvaldsen
  • Ingvaldsen sett fra inne
  • Suvi Nieminen
  • Ingvaldsen og Nieminen