Candice Breitz - MOTHER+FATHER (h)

I samarbeid med Louisiana Museum of Modern Art

Verket som vert synt i Kabuso fram til 6.desember er ein todelt videoinstallasjon, Mother+Father. Breitz har tatt utgangspunkt i mors- og farsrolla, noko ho gjer gjennom å portrettere seks kvinnelege og seks mannlege skodespelarar tatt ut av seks Hollywoodfilmar, som til dømes Kramer vs Kramer, Mommie Dearest og Postcards From the Edge.


Breitz har samla segment av mødrer og fedrar frå filmane, og ved at ho isolerer små delar av dialogar og framstiller dei som ein forteljande tråd gjennom ei framsyning, transformerer ho skodespelarane til eit kor av foreldre sine samanbrot. På denne måten sluttar monologane stundom med å vere monologar, og blir ein del av komplekse dialogar og samtalar med dei andre monitorane.

Mother+Father hadde sitt store gjennombrot på den prestisjetunge kunstbiennalen i Venezia i 2005. Breitz var ein av dei få kunstnarane som dette året fekk store omtalar av ei internasjonal kunstpresse.