Mons Breidvik - Speglingar (h)

Vitalistisk inspirerte menneskeskildringar frå biletkunstnaren Mons Breidvik, som budde i Hardanger store delar av livet sitt. Grafikk og teikningar.

Livskraft og sunnleik var tema i norsk biletkunst åra 1890 til 1940. Edvard Munch, Thorvald Erichsen, Gustav Vigeland og Henrik Sørensen - og Mons Breidvik - var alle opptekne av menneskefiguren, som både estetisk objekt og som vital kraft. I deira kunst finn me uttrykk for tida si dyrking av livsviljen som motkraft til pessimismen og det moralske forfallet som følgde den tiltakande urbaniseringa av samfunnet. Denne siviliseringa utløyste eit ønske om å finna fram til den opphavlege og urørte naturen. Den fann ein ikkje i byens moderne liv, men i utkanten, i regionane. Som Astrup, var Mons Breidvik ein slik utkantkunstnar, ein med solid forankring i bygdesamfunnet. Dette ser me i portretta hans og i dei mange skildringane av sommarglade born og ungdom. Dette er Mons Breidvik si hylling til livet, spegla gjennom hans kunst.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Kabuso, Bergen Kunstmuseum og Kvam Herad.