Damien Hirst - Livet, døden og kjærleiken (h)

I samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst presenterer Kabuso ei breid utstilling med verk av ein av vår tids mest sentrale kunstnarar.

I åra 1986-1989 fekk Damien Hirst (f. 1965) kunstutdanninga si ved Goldsmiths College, London, der det ikkje var separate faglege linjer, og der svært mange av 80-90-talets viktige britiske kunstnarar er utdanna. I 1988 organiserte Hirst utstillinga Freeze i eit fråflytta lagerlokale i Dockland, London, der han stilte ut saman med 17 medstudentar. Utstillinga var med på å lansera generasjonen YBA (Young British Artists), også kalla The Brit Pack.

Hirst er blitt rekna som den fremste av dei unge opprørarane mot ein konservativ, småborgarleg britisk kunst, og blei snart berømt og berykta for kunstverk som både elegant og brutalt presenterte nye måtar å behandla tema som død og forgjengelegheit, kunstnarleg skaping, livet i det moderne forbrukssamfunnet.

Hirst har i dag ei svært sentral rolle i kunstverda, og er ein sentral skikkelse i media, omgitt av kontroversar og spekulasjonar. Samtidig blir kunsten hans opplevd som både tankevekkande, personleg og gripande.

Utstillinga er organisert av Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst, og kuratert av Gunnar B. Kvaran, Hanne Beate Ueland og Grete Årbu.