– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kakaokonsert

lau23okt13:00KakaokonsertUnge talent13:00(GMT+00:00)

Kakaokonsert

Om arr.

Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 23. oktober kl 13!

To gongar i løpet av hausten 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!

Neste kakaokonsert blir laurdag 11. desember

Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.

NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte

Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

Hardingfele i Kunsthuset Kabuso

Foto: Ung hardingfelespelar under Kakaokonsert

 

Billettar på nett

>>> KJøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut