Opningstider frå januar 2018:
Ons-fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16
Sommaropningstider 3. juni-26.
august:
Tys-sundag kl 11-18
Lysinstallasjonen Hardanger Skyspace av James
Turrell har
eigne opningstider: ved soloppgang/-nedgang utvalde dagar
(Tidspunkta vil variera med årstidene). Ein kan elles også sjå
bygget utan lysvisning, då med Kabuso-billett.
Du kan også vitja Ingebrigt Vik museum, hygga deg i kaféen eller
sjå ein film eller tre i konsertsalen. Du kan velja mellom
filmar om komponisten Geirr Tveitt, diktaren Olav H. Hauge eller
kunstnaren Ingebrigt Vik. Filmane vert viste på førespurnad og
varar i opptil 25 minuttar.
NB! Merk at Kabuso kan vera stengt mellom utstillingsperiodane
INGEBRIGT VIK MUSEUM ligg vegg-i-vegg med Kabuso. Ta
kontakt med resepsjonen i Kabuso for inngang her.
I løpet av vinterhalvåret kan inngang i muséet med fordel avtalast
på førehand.
BILLETTPRISAR 2018:
- Gjeld billett for utstillinga i Kabuso /Ingebrigt Vik
museum + dei tre kunstnarfilmane
Vaksen: kr 100,-
Student/honnør: 55,-
Born under 16 år gratis
Grupperabatt for grupper på 15+ personar: kr 80,- per person
Fellesbillett Hardanger og Voss museum: kr 190,-
Les meir om filmane du kan sjå:
Ingebrigt Vik,
Olav H. Hauge og
Geirr Tveitt (opptil 25 min.) i konsertsalen i Kabuso. Filmane
vert viste ved førespurnad.
RABATTKORT
Kabusokortet gjev gratis inngang på alle
utstillingane og 20% rabatt ved alle konsertar og
arrangement der Kabuso står som arrangør. Kortet er gyldig i eitt
år frå kjøpsdato og kostar kr 300,-
Kulturkort for ungdom gjev gratis inngang på
utstillingane og 25 % rabatt på
konsertar
GRUPPER
I ordinær opningstid: 80,- per pers
Ta kontakt for omvisingar utanom opningstid.
Prisar frå kr 750,- + betaling per person som over.
Velkomen til gode opplevingar i Kunsthuset Kabuso med Hardanger
Skyspace og Ingebrigt Vik museum!