Norsk English

UTVIDA SØKNADSFRIST: Fagleg og administrativ leiar i Kunsthuset Kabuso

Ledig stilling som fagleg og administrativ leiar i Kunsthuset Kabuso. 

Kunsthuset Kabuso vart opna i  januar 2006, som Hordaland Fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese,  Hardanger. Kabuso inngår i Hardanger og Voss museum. Kunsthuset Kabuso presenterer skiftande kunstutstillingar i eit spenn frå norsk nasjonalromantikk til internasjonal samtidskunst, i tillegg til konsertar i ulike sjangrar. Kabuso har driftsansvar for Ingebrigt Vik museum og installasjonen Hardanger Skyspace av James Turrell som opna i 2016.

Kunsthuset Kabuso ser no etter ny fagleg og administrativ leiar.

Leiar har det faglege og administrative ansvar for kuratering, planlegging og gjennomføring av utstillingane i Kabuso, i tillegg til å programmere og arrangere konsertar. Det ligg og personalansvar og budsjettansvar til stillinga.

Vi ser no etter ein ny leiar som kan vere med å utvikle Kabuso vidare og jobbe målretta med å oppretthalde høg fagleg profil og retning. Den nye leiaren må ha kunstfagleg utdanning og erfaring frå kunst og musikkfeltet, i tillegg til leiarerfaring. Kandidaten må beherske administrative oppgåver og kunne jobbe sjølvstendig.   

Fagleg og administrativ leiar i Kabuso inngår i leiargruppa i Hardanger og Voss Museum og rapporterer til direktør for museet.

Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med  personalkonsulent Signe Brurok telefon 976 66 108

Søknadsfrist: 01. 03. 2017
Send søknad til: personal@hvm.museum.no