Om Kunsthuset Kabuso

Kabuso byr på skiftande kunstutstillingar av høg kunstnarisk kvalitet.
Her kan du oppleva ulike former for kunst, frå verk av til dømes J.C. Dahl og Harriet Backer, til Damien Hirst og Candice Breitz.

Vidare har Kabuso ein flott kammermusikksal med utmerka akustikk og plass til 150 tilhøyrarar. Her vert det skipa til konsertar og andre arrangement gjennom heile året.

Kabuso har butikk med bøker, kunstkatalogar og liknande. I tillegg finst her også ein kafé med lokale produkt, heimebaka kaker og nydeleg utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna.

Kabuso er Hordaland fylke sin tusenårsstad og opna i 2006.
Om føremålet med Kabuso står det: 


"Det konkrete uttrykket for Hardanger som tusenårsstaden i Hordaland skal manifesterast i eit kunst- og kultursenter i Øystese, som med bakgrunn i fortida skal spegla samtida og vera ein møteplass for alle. Tusenårsstaden skal vera eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på eit profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute."

Kabuso ligg like ved Ingebrigt Vik museum i sentrum av Øystese i Kvam, Hardanger.
Ca. 1 t 15 min køyring frå Bergen og 1 t frå Voss.