Kabusokaféen

I kaféen i Kabuso kan du få kjøpt gode lunsjrettar og herleg kaffimat med eit utvalg heimebaka kaker. Me tilbyr eit spanande kaffisortement, diverse tetypar, lokalprodusert fruktsaft og mineralvatn. Utvalet er hovudsakleg heimebaka og lokalprodusert. 

Kabuso har utbetra kjøkentilhøva og dermed nye mogelegheiter til å utvida eigen produksjon av godsaker til kaféen. Her får du stadig nye freistingar.

Her finn du ein kaffibardisk der du kan nyta den fantastiske utsikta over bygda, Folgefonna og fjorden. Eller føretrekk du å sitja henslegt i sofaen med eit av våre magasin eller aviser?

Kabusokaféen er elles tilknytt Hardangermeny - ein organisasjon som arbeider for bruken av lokale råvarer og for å ivareta dei lokale mattradisjonane i Hardanger.

Kan ein nytta kafeen uavhengig av utstillings- og konserttilbodet?
Klart det.

Velkomen til ein pust i bakken med freistingar frå Kabusokaféen!

Flere bilder

  • brownie
  • pærekake
  • grønsakspai
  • Gulrotkake
  • Tekoppar
delitalia-2

Ekstra god kaffi

Kom og smak på espressokaffien direkte frå Italia! Kraftig, mørk og rund. Capuccinoen blir topp!