Ingebrigt Vik museum

Intim museumsoppleving

Vegg i vegg med Kabuso ligg museet som rommar bilethoggar Ingebrigt Vik (1867-1927) sine arbeid. Kunstnaren testamenterte samlinga til heimbygda Øystese, og museet vart det første skulpturmuseet på den norske landsbygda da det opna dørene i 1934. Museet i den særmerkte åttekanta bygningen inneheld verk av Vik i bronse, gips, leire og marmor, frå skisser til signerte verk.

Vik er kjend for si stillferdige og presise skildring av menneskekroppen, med undertonar av melankoli. I første del av 1900-talet var han ein av dei fremste bilethoggarane i landet, og skulpturane vart premiert da dei vart stilt ut i Paris, kor han budde gjennom fleire år. Skulpturane til Vik finst i fleire større kunstsamlingar, som Nasjonalmuseet og Kode Bergen. Portrettstatua Edvard Grieg (1917) står i Byparken i Bergen, medan Ynglingen (1913) er å finne i Teaterparken i same by.

Opplev skulpturane tett på i Ingebrigt Vik museum. Vend deg i Kabuso om døra er stengd. I Kabuso kan du og sjå filmen «Han skapte liv» (26 min.)


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X