Norsk English

Skule og barnehage

Kabuso lagar alderstilpassa formidlingsopplegg til barnehagar og skuleklassar i dei skiftande utstillingane og Ingebrigt Vik museum.

Ei omvising på Kabuso skal vera lærerik, men og ei oppleving. Ho er gjerne dialogbasert og opnar i stor grad for elevane/borna sine spørsmål og inntrykk.
Til kvar utstilling vert det utarbeidd undervisningsopplegg tilpassa ulike aldersgrupper. Opplegga kan og tilpassast enkelte skulefag om ynskjeleg. Ofte vert det nytta praktiske oppgåver.

Ingebrigt Vik museum er ope for skuleklassar og barnehagar heile året.

For å få best mogleg utbytte av besøket bør ein setja av minst ein time.
Omvisingar i utstillingane er gratis for barnehagar og skuleklassar på alle trinn, og Den kulturelle skulesekken dekkjer eventuelle utgifter ved transport for 1.-10. klasse.

Ta gjerne kontakt ved ynskje om omvisingar:
Tlf  47 47 99 87 eller post@kabuso.no

Filer

Flere bilder

  • skule3
  • skule1
  • vi teikner
  • skule2
  • Formidling 2
  • born