Tom Roger Aadland

Har du eit bankande hjarte for musikken til Bob Dylan? Har du sans for rock, folkemusikk, country, viser eller bluegrass? Då bør du få med deg konserten med Tom Roger Aadland i Kabuso fredag 2. mars kl 20!   

Aadland skriv songar som kombinerar melodiøs intensitet, sterke tekstar og sikkert musikalsk handverk. Med seg har han også multistrengetalentet Olav Christer Rossebø. 

Aadland har turnert Irland, Sør-Afrika og Noreg, og har opparbeidd rykte som ein glimrande låtskrivar, uttrykksfull songar og dyktig gitarist. Han blei lagt merke til for alvor då han gav ut det kritikarroste albumet Blod på spora i 2009. I 2011 var han aktuell med oppfølgjaren Det du aldri sa

Tom Roger Aadland har turnert og jobba med musikarar i inn- og utland. Etter reiser og konsertar over heile Irland, var det naturleg for Tom Roger å spele inn debutalbumet Obviously Embraced i Dublin med irske musikarar. Då Obviously Embraced kom ut i 2007, skreiv Irlands fremste rockemagasin Hotpress, «We suspect that his lovely blend of melody and commentary will earn him loads of fans». Eit halvt år seinare blei plata gjeven ut i Noreg, og også her var meldingane svært positive. Mange trakk fram dei sterke melodiane og dei historieforteljande tekstane som prega albumet.

Blod på spora, ei gjendikting til nynorsk av Bob Dylans meisterverk Blood On The Tracks, kom ut hausten 2009 til strålande kritikkar. Særlig hausta plata lovord for dei nynorske gjendiktingane. Fredrik Wandrup i Dagbladet kalla Tom Roger Aadlands versjon av albumet for «vakker og rørende», mens Aftenposten skreiv at Blod på spora var ein «imponerende fornorsket klassiker». Responsen på albumet førte Tom Roger ut på ein omfattande bibliotekturné - frå Halden til Hammerfest. Då Bob Dylan blei eige universitetsfag i januar, hadde Tom Roger æra av å halda opningsførelesinga på Blindern.

Det du aldri sa er tittelen på Tom Roger Aadland sitt nyaste album. Her har han tatt med seg vestlandske indie-rockarar, eklektiske folkemusikarar og ein irsk stjernepianist, og spelt inn eit album med sterke tekstar og vakre melodiar, med musikk som har den tyngste foten i rootstradisjonen.

Aadland samanfattar interessa for litteratur og tekst med ei allsidig musikalitet og ein sterk musikalsk og tekstlig skapartrong. Han samarbeidar like gjerne med kompromisslause indie-rockarar som med virtuose folkemusikarar og internasjonale pianistar og produsentar. Songane er målet.

Under konserten i Kabuso møter ein altså Aadland i duoformat saman med Olav Christer Rossebø. Sistnemnde spelar for høvet fele, mandolin og mandola.  

 

Kritikkar «Det du aldri sa» (2011):
«Imponerende…Han er
en uovertruffen gjendikter, men er også en som har nok musikalsk og kreativ
egenkraft til å klare seg på egen hånd. Her er burlesk humor, alvor og
ettertenksomme øyeblikk ikledd melodier som står seg godt mot helten
Dylan»

Aftenposten, 5/6

«Stillferdig opp i førstedivisjon...Alt dette typisk dylanske er nennsomt utført, uten å
kopiere…Enkelt, men vanskelig og flott utført»
Dagbladet , 5/6
«Inderlig og ekte…Tom Roger Aadland har vokst seg inn i sin egne sko og står bredbeint og trygt i avtrykkene…En begavet sanger og låtskriver - på norsk. Du verden»
Bergens Tidende, 5/6

 «Rotfestet og solid...Gode sanger, gode tekster og godt håndverk som kombinerer noe
erkevestlandsk med en anelse av amerikansk rootstradisjon»

Stavanger Aftenblad, 5/6

 

Lytt og les meir på www.tom-roger.com
Sjå videoen "Der eg er no"