Magnet

Laurdag 17. mars kl 17, etter opninga av Vestlandsutstillinga, vert det konsert med Magnet (Even Johansen) i Kabuso. Den norske singer-songwriteren vert skildra som "ei funklande stjerne på den norske pophimmelen" og produserer lågmælt popmusikk med ein heilt eigen melodisignatur.

Songar, låtskrivar og gitarist Even Johansen (f. 1970) debuterte som soloartist i 2000, etter eit tiår i norske rockeband som Chocolate Overdose og Libido. Same året tok han artistnamnet Magnet.

Det har sidan kome tre soloplater til, og i 2003 og 2007 vann han Spelemannsprisen for beste popsolist og mannlege artist. 
I 2011 ga han ut det kritikarroste albumet Ferrofluid i samarbeid med bandet Cloroform. Sidan den tid har til dømes hiten Doldrum Days   vore å høyra titt og ofte.