Five Men in a Boat

Når fem markante folkemusikkartistar frå tre forskjellige land mønstrar om bord i
samme båt, vert det bølgjer!
Opplev i Kabuso 23. februar


Folkesongaren Frode Nyvold og verdsbergensaren Gabriel Fliflet er som nestorar å rekna i
det norske folkemusikkmiljøet. Emmanuel Pariselle og Didier Oliver er bland dei fremste
utøvarane innen tradisjonsmusikk i Frankrike og har eit enormt repertoar av sangstoff og
dansemusikk, særleg frå den sørvestlege delen av landet.
Engelskmannen Richard Burgess har i mange år formidla Storbritannia si maritime
sangskatt til norske publikummarar.Det er med andre ord nok å ausa av når dei fem
herrane med sine særprega stemmer sett felles kurs. På instrumentallåtane møtast bl.a. allehånde belger - trekkspel,
toradar og concertina - samt Didier Oliver sitt eminente felespel.
Five Men in a Boat har til saman ein formidabel kulturell ballast og stor formidlarevne.