Norsk English

BMX m/Per Jørgensen

Jazztrioen BMX er kjend for å gjera forrykande konsertar og kjem til Kabuso saman med legendariske Per Jørgensen 22. april. 

Per Jørgensen - trompet
Njål Ølnes - saksofon
Thomas Dahl - gitar
Øyvind Skarbø - trommer
 
Musikarane har ei utforskande og skapande tilnærming til musikken og er oppteken av kva som oppstår her og no.BMX er eit møte mellom ulike generasjonar jazzmusikkarar som resulterar i ei omdefinering av moderne jazz.
Trioen er sett saman av Øyvind Skarbø på trommer, Thomas T. Dahl gitar og Njål Ølne tenorsax. På konserten har dei med seg legenda og trompetisten Per Jørgensen. 
BMX kom saman for fyrste gong i 2006, i trua om at dette var eit eingongsprosjekt, men enda i eit tettare samarbeid. Debuten deira, Bergen Open frå 2010 gav gode omtalar i inn- og utland.