Trondheimsolistene

Torsdag 4. august kl 18

Trondheimsolistene er eit dynamisk kvalitetsensemble av musikarar knytta til Trondheim. Orkesteret vart etablert i 1988 og er eit kammerorkester med stor breidd i programmet.

Sidan 2002 har kunstnarisk leiar, Øyvind Gimse, vidareført Trondheimsolistene som eit topp profesjonelt ensemble som nyt stor respekt internasjonalt. Konsertane til ensemblet er prega av humør, spontanitet og intensitet. Professor Bjarne Fiskum starta orkesteret og i starten var det ein arena der strykarar frå Musikkonservatoriet i Trondheim kunne hausta profesjonell konserterfaring.

Gjennom utbreidd konsertverksemd i Europa, Asia, USA og Brasil har Trondheimsolistene utvikla seg til å bli eit av dei mest spennande kammerorkestera på den internasjonale arenaen.
Orkesteret samarbeider med solistar som Truls Mørk, Leif Ove Andsnes, Tine Thing Helseth, Håvard Gimse, Ole Edvard Antonsen m.fl. Orkesteret har også eit langvarig samarbeid med fiolinisten Anne-Sophie Mutter, noko som viser at Trondheimsolistene står for kvalitet.
Vidare har innspelinga av Vivaldis "Årstidene" på Deutsche Grammophon blitt lovprisa av eit samla internasjonalt kritikarkorps.

Øyvind Gimse er ein dynamisk musikar med stor spennvidde. Etter studier i Oslo, München, Salzburg og Wien var han i perioden 1991-97 alternerande solocellist i Trondheim Symfoniorkester. Gimse er også ein etterspurt kammermusikar og strykeinstruktør. Han har spelt på landets største kammermusikkfestivalar, t.d Risør Kammermusikkfestival og Olavfestdagene i Trondheim. Øyvind Gimse har evna til å begeistra musikalsk og oppleving er eit stikkord i hans kunstnariske arbeid.

 

 

Program:

Edvard Grieg (1843-1907)
Fra Holbergs tid, op. 40
Preludium
Sarabande
Gavotte
Air
Rigaudon


Carlos Gardel (1890-1935)
Por una Cabeza


Astor Piazzolla (1921
-1992)
Adios Nonino
Oblivion
Solist: Øyvind Gimse, cello


Frank Bridge (1879-1941)
Fra Three Idylls for String Quartet (1906)
Nr. 2) Allegretto poco lento

 

Benjamin Britten (1913-1976)
Variations on a theme of Frank Bridge