Norsk English

Tord Gustavsen kvartett m/Elisabeth Lid Trøen

Laurdag 8. oktober kl 17

Tord Gustavsen - piano
Elisabeth Lid Trøen - saksofon 
Jarle Vespestad - trommer
Gjermund Silset - kontrabass

Tord Gustavsen har med seg kremen av musikarar, når han besøkjer Kabuso 8. oktober. 
Gustavsen har lenge vore i musikkbildet med sine vare komposisjonar, som høver like godt i ein liten konsertsal som i ein katedral. Han trakterer tangentane med ei varsemd som går rett inn i sjela, og får med seg resten av musikarane i same atmosfære. Likevel uttrykkjer musikken styrke og er godt planta på jorda.

Tord Gustavsen (piano)
Han hadde lenge vore på den norske jazzscenen, før han gjekk solo. Han har turnert med ulike solo-prosjekt over heile verda dei siste 5-6 åra.

Elisabeth Lid Trøen (saksofon)
Lid Trøen vert sett på som ei av dei framtidige store artistane på den norske jazzscena. Ho er berre 19 år, men har allereie spela med og imponert fleire kjende saksofonistar, Mellom desse er Tineke Postma, Joshua Redman, Andy Sheppard, Chris Potter, Tore Brunborg og Håkon Kornstad.

Gjermund Silset (bass)
Spelar like bra i alle konstellasjonar, med ei innleving som smittar både på medmusikarar og publikum.

Jarle Vespestad (trommer)
Trommisen som ber resten av ensemblet på sine skuldrar. Han kan ikkje samanliknast med nokon, og har ei unik tilpassingsevne når det gjeld musikkform, frå det varaste vare til det mest ville og improvisatoriske.

Konserten er komen i stand med økonomisk støtte frå Kvam herad

www.tordgustavsen.com