Norsk English

Tineke Postma m/band

Sundag 13. november kl 14

Tineke Postma vert gjerne omtala som ein av verdas beste kvinnelege saksofonistar. No kjem ho til Kabuso saman med bandet Nordic Warriors!

Den hollandske saksofonisten Tineke Postma er godt kjend internasjonalt. Ho spelar energisk og moderne jazzmusikk inspirert av legender som Miles Davies og John Coltrane, men med eigenart.
Hennar framtreden og særmerka komposisjonar har gitt ho fleire prestisjetunge prisar, og ho vart i ei plateomtale i den britiske avisa The Evening Standard omtalt som ei av verdas leiande kvinnelege saksofonistar:

"Tineke Postma, from Amsterdam, is one of the world's leading female saxophonists. (…) Her lines are hip and agile, yet distinctly feminine in their grace and sensitivity. Her well-crafted originals complete a production of unusual depth and taste."

Postma gjer konsertar for fulle salar verda over, til og med i Carnegie Hall, New York. Ho turnerar stadig med prosjekt som Tineke Postma International Quartet og Tineke Postma Quartet som har spela på ei rekkje internasjonale jazzfestivalar, blant dei jazzfestivalane i Molde og Trondheim.

Under konserten i Kabuso har ho med seg bandet Nordic Warriors. Dette er ei samarbeidsprosjekt mellom Voss Jazzskule og Tomorrows Warriors jazzskule i London.



Les meir på www.tinekepostma.com