Norsk English

Kammeropera: Susanna frå Sunnfjord

Sundag 10. april kl 19

Møt ein forelska W.A. Mozart på ferie!
Susanna frå Sunnfjord er ein humoristisk og komisk miniopera med eit einsleg piano (!) som orkester.

Utøvarar:

Jorunn Torsheim, sopran

Ivar Anton Waagaard, piano

Erlend Samnøen, skodespel

Tekst: Jorunn Torsheim og Erlend Samnøen
Musikk: W.A. Mozart og Jorunn Torsheim
Scenografi: Oddvar Torsheim

Om handlinga:
Året er 1786 og W.A. Mozart ferierer i Ørsta. Der forelskar han seg i gardsjenta Susanna frå Sunnfjord. Han vert inspirert av jenta og skriv ein opera til henne for å få ho frå Sunnfjord til Wien.

Kammeroperaen tek utgangspunkt i "Figaros bryllup", så musikken er altså komponert av Mozart. Men librettoen til operaen er skriven av sopran Jorunn Torsheim i samarbeid med Erlend Samnøen.
Scenografien er det det far til Jorunn, Oddvar Torsheim, som står for.
På denne måten blir det kontinentale wienerkulturen kopla med det sunnfjordske Torsheim-universet.


Musikk:
Sonata i C, K 330, 3 Sats
Rondo alla Turka/utdrag
No har eg venta/Venite inginocchiatevi (Figaros bryllaup)
Småfuglar/Oiseaux, Si tous Les Ans, lied
Mona sin vals til Lars og månen/ Deh vieni (Figaros Bryllaup)
Den er god den er bra/Non so piu cosa son (Figaros Bryllaup)
Kom til meg kjære Lars/Vedrai Carino (Don Giovanni)
Høyr no her skal du høyre/Lunghi le cure (Davidde Penitente)
Lars, no er det slutt på ditt laurdagstull/Padre, Germani (Idomineo)
Eg er heime no/L´ho perduta, me meschina (Figaros Bryllaup)
Kveldsong/Abendempfindung, lied
Alleluja, frå Exsultate, jubilate
Eg og meg og Mona/Der Hölle Rache (Tryllefløyta)