Norsk English

Mc Gillivray og Flagstad

Sundag 26. juni kl 13

Peter Mc Gillivray, baryton
Gunnar Flagstad, piano

Kanadiske Peter Mc Gillivray braut gjennom internasjonalt då han i 2005 vann andreprisen i Montreal International Musical Competition og Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse. Han har nyleg delteke i La Boheme og Capriccio på Metropolitan Opera i New York og har dei seinaste åra opptredd fleire gongar med Canadian Opera Company blant anna i rolla som Aeneas i Dido og Aeneas.

"His mastery of technique, the radiant timbre and even tone of his voice and his salient intelligence throughout, give Canada a truly great singer."

Jean-Jacques van Vlasslaer, Le Droit (Ottawa)

 

Gunnar Flagstad er utdanna ved Østlandets musikkonservatorium og Noregs musikkhøgskule med hovudfag i akkompagnement og samspel frå 1997. Han har spelt på ulike festivalar rundt omkring i landet og turnerer jamleg med Rikskonsertane. Sidan 1997 har han vore tilsett som fyrsteamanuensis ved Noregs musikkhøgskule og ved Barratt Due musikkinstitutt.

 

 

I samarbeid med EGM Troldhaugen og Valdres Sommersymfoni