Norsk English

Linda Farestveit & Inventarium

Sundag 27. november kl 14 - Eplejazz i foajeen

Gjenhøyr med Linda Farestveit og Inventarium. Sist høyrt i Kabuso i 2009.

Linda Farestveit - vokal
Knut "KK" Kristiansen - piano
Ole Amund Gjersvik - bass
Øyvind Hegg-Lunde - trommer 

Linda Farestveit & Inventarium presenterer ein del originalkomposisjonar av KK skrivne særskild for Farestveit. Desse skriv seg frå 80- og 90-talet, då dei to spela saman i bandet Night & Day.
Men det har også kome til nytt materiale, ikkje minst grunna samarbeidet med to nye og spanande aktørar: den veletablerte bassisten Ole Amund Gjersvik og den unge og talentfullt slagverkaren Øyvind Hegg-Lunde.
Linda Farestveit & Inventarium spelar ei blanding av originalmusikk, standard jazzlåtar med innslag av oppjazza rock og pop frå 60-talet.