Norsk English

Kim André Rysstad m/band

Onsdag 21. september kl 19

Når Kim André Rysstad syng, stoppar du opp og lyttar. Denne unge folkemusikaren har ei heilt eiga forteljarevne og eit eige nærvær, og no kjem han til Kabuso for å fengsla publikum med stemma si.

Band:
Georg Buljo - gitarar
Trym Bjønnes - gitarar
Sondre Meisfjord - bass
Christian Svensson - perkusjon

Gjesteartist: Berit Opheim

29 år gamle Kim André Rysstad er ein folkemusikar, kvedar og songar frå Rysstad i Setesdal. I 2009 vann han INTRO-folk og blei av Rikskonsertane og FolkOrg kåra til Årets unge folkemusikar.

Juryen uttalte følgjande etter at sigeren var klar:
«Kim André Rysstad er tro mot tradisjonen samtidig som vi opplever en tydelig ambisjon om å utvikle og utvide denne. Vi er overbevist om at denne unge kvederen bærer i seg muligheten til å utvikle et særegent uttrykk preget av sin personlige fortellerevne, tilstedeværelse og musikalitet. Han har et uttrykk som både vil berøre og begeistre mange i årene som kommer.»

I 2007 sleppte Rysstad debutalbumet Tak hardt uti hand - ei samling folkeviser og mellomalderballadar. Albumet blei kåra til Årets soloalbum under bransjetreffet Folkelarm i 2008, og i samband med utgivinga skreiv Vårt Land at «allerede med sin debut står Kim André Rysstad frem som en stemme for alle tider».

Hausten 2011 slepper han det andre albumet sitt, og publikum over heile landet kjem til å få møte Kim André Rysstad som ein modig og variert soloartist med eit nytt repertoar. Her framfører han eigne songar, nyskriven musikk og norske folkeviser med eit eminent knippe musikarar rundt seg: Georg Buljo og Trym Bjønnes på gitarar, Sondre Meisfjord på bass og Christian Svensson (kjend frå den svenske gruppa Harv) på perkusjon. Gjesteartist er ingen ringare enn Berit Opheim.

Kim André har vakse opp med folkemusikken og gått i lære hos norske meistrar - men han hentar også inspirasjon frå den amerikanske folktradisjonen og frå førebilete som Dolly Parton og Whitney Houston. Og Årets unge folkemusikar er ikkje redd for å kryssa grenser:
«Mangfald er ein god ting. Ein er nøydd til å blanda sjangrar og herja rundt litt for at musikken skal drivast framover. Det er viktig med nokre urokråker også i folkemusikkmiljøet!»

 

I samarbeid med Rikskonsertene

Filer