Ivana Gavric

Laurdag 23. juli kl 18

Ivana Gavric, piano

"...her playing is altogether of an extraordinary calibre"
BBC Music Magazine

Den britiske pianisten Ivana Gavric har mellom anna vorte utnemnd til Newcomer of the Year 2011 av BBC Music Magazine Awards. Den første albumutgjevinga hennar In the Mists fekk ei overveldande positiv mottaking blant musikk-kritikarane og fekk "Outstandig"-status i International Record Review.

Ivana spela for utseld hus i Wigmore Hall i juli 2010, og har elles hatt konsertar i Royal Albert Hall og fleire andre sentrale konsertstadar i Storbritannia. Ho har også opptredd i Japan og ei rekkje europeiske land, og har m.a. spela saman med orkester i London, Cambridge og Barcelona.
Ivana vart fødd inn i ein musikalsk familie, og då ho først byrja å spela fekk ho undervising av mora. Seinare flytta dei til Storbritannia og Ivana starta på Guildhall School of Music and Drama. Vidare studerte ho ved Cambridge University og The Royal College of Music.     

I samarbeid med EGM Troldhaugen



Les meir på www.ivanagavric.com