Norsk English

Hemsing, Süssmann og Hansegård

Tysdag 19. juli kl 18
Ragnhild Hemsing, fele/fiolin
Gunilla Süssmann, piano 
Hallgrim Hansegård (FRIKAR), dans

  

Ragnhild Hemsing er eit unikt klassisk talent. Oppvaksen i Valdres har ho god kjennskap til tradisjonell norsk folkemusikk og nyttar han i spelet sitt. Ho lykkast i å gje det klassiske og det tradisjonelle nytt liv og eit moderne uttrykk. Som 13 åring debuterte ho som solist saman med Bergen Filharmoniske Orkester og opptrer i dag innafor eit bredt repertoar, både som solist og kammermusikar. Ho har bakgrunn frå Barrat Due Musikkinstitutt og studerar for tida i Wien under professor Boris Kuschnir. Fiolinen ho spelar på er ein Franscesco Ruggeri-fiolin bygd i Cremona i 1694. Ho arbeider og tett saman med systera Eldbjørg, som og er fiolinist.


Gunilla Süssmann
har etablert seg som ein av dei leiande unge pianistane i Noreg. Ho har debutert i Wigmore Hall i London, Concertgebouw Amsterdam, Konzerthaus Dortmund og vore solopianist for Oslo-Filharmonien. I 2000 vann ho tredjeprisen i Concours Grieg - Internasjonal pianokonkurranse og spesialprisen for beste Grieg-tolking. Süssmann har delteke på fleire CD-utgjevingar, mellom anna ei innspeling av Geirr Tveit sin konsert for to piano og orkester saman med Håvard Gimse og Royal Scottish Symphony Orchestra.


Hallgrim Hansegård grunnla dansekompaniet Frikar i 2006. Han er sjølv dansar og koreograf og har produsert ein rekkje førestillingar saman med Frikar, kor han hentar inspirasjon frå akrobatikk og dansetrinn han har funne i eldre tekstar, intervju og opptak frå 1920- og 30-talet. I førestillingane blandast sjangrar som lausdans, capoeira, break, sirkus og samtidsdans. Hansegård arbeider og med digital kunst og er utdanna ved Nordland kunst og filmfagskole og Akademiet for Digital Kunst i Firenze. I 2007 fekk han Statens kunstnarstipend.


Program
for konserten:
Edvard Grieg: Fiolinsonate
Lasse Thoresen: Yr, for solofiolin og solodans


I samarbeid med EGM Troldhaugen