Badnalarm: Heavykatten

Laurdag 2. juli kl 12

Kva skjer når ein forfattar skal vera musikar? I denne familieførestillinga får du eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip. Desse tre karakterane er kjende frå fire bøker skrivne av Roald Kaldestad.

Om handlinga:
Dei litterære karakterane som dukkar opp i forfattaren Roald Kaldestad sitt hovud har han tidlegare skreve om i tre bøker. I øvingslokalet blir ikkje desse historiene fortalt, men vi får vera med inn i hovudet til forfattaren når fantasien er i arbeid!

Me er i øvingsrommet til eit band som ønskjer å spela tøff heavy-musikk.
Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gong med øvinga når publikum kjem. Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet.
Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har helt andre ting enn bandet og øvinga i hovudet når han endeleg dukkar opp.

Dette er rammeforteljinga i denne produksjonen, som både skal gje ei musikalsk og ei litterær oppleving. Viktige spørsmål vert tekne opp her:
Kan ein katt ha tatoveringar og vest med naglar? Kan ei mus danse disco og kan eit piggsvin skriva poesi?

Førestillinga hadde premiere i 2007, og har seinare vorte framført med stor suksess på mellom anna Litteraturfestivalen i Lillehammer, Bergenfest, bLest, Litteratursymposiet i Odda, Barnas Hus i Bergen og Litteraturhuset i Oslo.

Førestillinga Heavykatten er produsert og framført av Roald Kaldestad i samarbeid med musikarane Stig Lundblad-Sandbakk og Roy Ole Førland.



Høver best for born frå 5 år