Norsk English

Eplejazz: Quite Quiet Project

Sundag 18. september kl 14

Konserthausten i Kabuso startar med ganske rolege låtar frå Elvis Presley sitt meir bortgøymde repertoar.

 

"Så vart og intenst at det nådde dypt i sjela, mange ved bordene ble rett og slett rørt til tårer."
Erling Wicklund, NRK

Lisa Dillan - song
Asbjørn Lerheim - gitar


Lisa Dillan er ein anerkjend artist på den norske jazz- og performancescenen.
Ho starta karriera si i Bodø Big Band i 1991. Gjennom eit kurs arrangert av Norsk Jazzforum kom ho sidan i kontakt med fri improvisasjon. Sidan 1997 har dette vore hennar hovudutrykksform.

Asbjørn Lerheim starta å spela gitar som 12-åring. Han fekk interesse for improvisajon og jazz medan han gjekk på gymnas i Ålesund. Og etter å ha delteke på mester-klasse under Moldejazz, var han overtydd om at han ville halda fram med å komponera musikk og at gitar var instrumentet hans.

Lisa Dillan har vore Elvis-fan sidan 1977 og kjenner både karriera og repertoaret hans svært godt. Ho har plukka ut sine favorittlåtar, og mange av låtane er nok ganske ukjende for den vanlege publikummar.
Utvalet er stort sett gjort frå balladane han gjorde på 70-talet - sterke, vakre og kraftfulle.
Dillan har lagt ned mykje arbeid i å finna låtar som kan fungera innanfor rammene til duoen, kor dei kan forenkla og reindyrka den stille krafta desse låtane har. 

 

Les meir på www.lisadillan.com og www.asbjornlerheim.com