Norsk English

Din veg - urframføring

Sundag 19. juni kl 14 vert det urframføring av verket Din veg på Kabuso. Medverkande er Reidun Horvei, song/kveding, Einar Mjølsnes, hardingfele/viola da gamba, Geir Botnen, klaver og Magdalena F. Delis, dans.

Din veg er eit nyskrive verk av komponist og musikar Knut J. B. Kristiansen. Tekstane er skrive av lyrikar Olav H. Hauge. Tonespråket er klassisk moderne og godt forankra i det folkemusikalske uttrykket. Verket har såleis ei stor spennvidde som gjev fornying i vid musikalsk forstand. Din veg er komponert for song/kveding, hardingfele/viola da gamba og klaver.

 

Komponisten vil gje ei innføring i verket klokka 14. Urframføringa vert klokka 15.

Konserten er eit samarbeid med Hardingtonar.

Filer