Norsk English

04.09 Klassisk: Internasjonal Edvard Grieg Pianokonkurranse

Stad: Konsertsalen i Kabuso

04.09.2018 19.00

Tysdag 4. september kl 19 har du sjansen til å oppleva fleire internasjonale pianist-stjerneskot i Kabuso! Dette i samband med den sekstande Edvard Grieg internasjonale pianokonkurranse, som går av stabelen i Bergen 1.-9. september. EG internasjonale pianokonkurranse trekkjer til seg særs talentfulle unge pianistar frå heile verda.  

30 deltakarar frå heile verda er inviterte til Bergen for å tevla om den gjeve førsteprisen på 30.000 euro. Nokon av dei, vil altså finne vegen til konsertsalen i Kunsthuset Kabuso denne kvelden.

Samarbeidspartnarar av EG Internasjonale Pianokonkurranse er mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Griegakademiet og Troldhaugens Venner.

Regional konsertturné
Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen, men Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.

Konkurransen vil nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Hordaland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.

Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.
Skgjlogo

 

Les meir om konkurransen her:
www.griegcompetition.com

Pris kr. 150,-
Billettar får du kjøpt her: www.ticketco.no

Les meir om konsertar og arrangement i Kunsthuset Kabuso 2018