Norsk English

Utstillingsopning: Kristin Lindberg - Broderte Pikslar

Foajéen, Kunsthuset Kabuso. Hardangerfjordvegen 626, Øystese

07.06.2018 17.00

Velkomen til opning av ny foajéutstilling i Kunsthuset Kabuso - torsdag 7. juni kl 17!

Kristin Lindberg debuterte på Høstutstillingen 1982 med eit ruteåkle. Sidan har Lindberg hatt ruta/pikselen som tema gjennom ulike medier som foto, vev, installasjon og no i broderi.

I Kabuso vender ho tilbake til ruteåkle og syner 26 broderte monokrome kvadrat sett saman som fragment i eit åkle.

 

>>> Sjå gjerne nettsida til Kristin Lindberg

 

NB! Dette arrangementet gjerne kan kombinerast med klassisk konsert på huset same kveld:
Hardingtonar: Meisterklassekonsert
Torsdag 7. juni kl 18