Norsk English

Utstillingsopning: Felieke van der Leest

Utstillingssalen, Kunsthuset Kabuso. Hardangerfjordvegen 626, Øystese

02.06.2018 13.30 til 16.00

Laurdag 2. juni kl 13.30 opnar årets sommarutstilling i Kabuso og Hardanger. Velkomen til opning i og inn i Felieke van der Leest sitt forunderlege univers!

Van der Leest sjølv vil vera til stades under opninga.

Felieke van der Leest skapar iaugefallande smykke satt saman av edelmetall, tråd, plastdyr og tekstile teknikkar.  Smykka ber på eigne historier og kan sjåas som skarpe observasjonar med mykje humor bygt inn.  Sommarens utstilling i Kabuso er via hennar kunstnarskap i heilskap og presenterer hennar særeigne uttrykk utvikla gjennom dei siste 20 åra.

Smykka til van der Leest er rike på detaljar. Dei er forteljande smykke som og fungerer som miniatyrskulpturar. Klede og tilbehør gir leikedyra ny identitet og menneskelege trekk. Smykka vert først opplevd som humoristiske med sine uventa kombinasjonar, men i fleire av smykka ligg det og eit alvor under. Menneskeleg dårskap vert tematisert og latterleggjort, og tema som krig, miljø og handteringa vår av dyr kritisk antyda.

Felieke van der Leest (f. 1968) kjem frå Emmen i Nederland, men har vore busett i Øystese sidan 2008. Ho er representert i fleire internasjonale samlingar som Victoria & Albert Museum, London og Cooper Hewitt museum, New York og sel smykke i Tokyo, New York og Amsterdam. Denne sommaren stiller kunstnaren ut på den nye heimstaden sin.

 

>>> Sjå nettstaden til Felieke van der Leest

2012 Prairie Pioneer Detail