Norsk English

16.12 Jolakonsert: Den fagraste rosa

Stad: Konsertsalen i Kabuso

16.12.2018 18.00

Velkomen til jolestemning i Kabuso! Trioen Berit Opheim, Tore Brunborg og Steinar Raknes skal ut på ein jolakonsertturné i desember - og heldigvis legg dei turen innom oss. Repertoaret er musikk knytt til jola, men det er ikkje dei mest utslitne jolasongane de skal få høyra. Samspelet mellom dei tre er av det magiske slaget  - det kunne ein høyra på tingingskonserten Hildo på Vossa Jazz i år.

"Den fagraste rosa" er tittelen på ein av songane som trioen framfører. Dette blir ein stillfaren, men likevel ein indarleg konsert som vil gje tilhøyraren den meditative roa som me alle søkjer i ei hektisk adventstid.

Den Fagraste Rosa Jolekonsert

Den fagraste rosa er ein jolesalme skriven av Hans Adolph Brorson og omsett til nynorsk av Elias Blix. Som so mange av dei salmane som har vore mykje i bruk rundt i landet og som har vore ekstra godt likt, finns det mange ulike folketonevariantar av denne. I løpet av konserten med Tore Brunborg, Steinar Raknes og Berit Opheim får publikum høyra to ulike melodiar på denne.

Resten av konserten inneheld salmar/religiøse folketonar som tematisk er knytt opp mot advent og jol, alle i nye, flotte arrangement. Dei er alle folketonar og dei fleste frå Vestlandet, m.a. Et lite barn så lystelig, No koma Guds englar og Mitt hjerte alltid vanker. Konserten vert ei forteljing gjennom denne tidlause musikken og i ei tid der "sola snur" og lyset vert fødd på ny.

Kr 180,-
Billett får du kjøpt på www.ticketco.no