Norsk English

11.11 Come Shine

Stad: Konsertsalen i Kabuso

11.11.2018 18.00

I anledning Come Shine sitt 20 års jubileum, er bandet på Vestlandsturné!
11. november stoppar eit av landets mest populære jazzorkester i Kabuso for å halde konsert.

COME SHINE er eit av Noregs mest populære jazzband i nyare tid. Alltid med same besetning: pianist og arrangør Erlend Skomsvoll, vokalist Live Maria Roggen, bassist Sondre Meisfjord, og trommis Håkon Mjåset Johansen. Ein tett samspelt kvartett som fornyar kjende låtar med ei dristigheit og signatur som mange gjennom åra har falt for.

COME SHINE-konsertar er dirrande, engasjerande og uforutsigbare, og evnar å treffe publikum frå tenåringer til godt vaksne jazzelskere, midt i magen.

Gjennom åra har COME SHINE klart å fornya sitt repertoar og sound kontinuerleg. Oppskrifta har heile tida vore å finna personlege vriar på gamle pop- og jazzklassikarar, men sjangerreferansane har vida seg ut, og det improviserte samspelet har blitt stadig meir leikent.

Samarbeidsprosjekt med ensembler som KORK, Trondheim Jazzorkester, TrondheimSolistene, og med gjestesolistar frå ulike sjangar har dessutan vitalisert og utfordra bandet.

Dei tre første albuma, Come Shine (2001), Do Do That Voodoo (2002) og Live in Concert (2003), blei salgsuksessar - og andreplata sikra bandet ein Spellemannpris. Etter nokon års bandpause "der comeshine-deigen sto til heving" kom studioalbumet Red And Gold (2014), spelt inn i legendariske Atlantis Studio i Stockholm. Både denne og den symfoniske plata Norwegian Caravan (2016) som blei spelt inn saman med KORK i Store studio, NRK, har fått strålande respons frå publikum og presse.

Les meir om Come Shine her:
www.comeshine.com

Pris kr. 250,-
Billettar kan du sikre deg her: www.ticketco.no

Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!