Norsk English

Utstillingsopning: Ragna Bley

Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

20.01.2018 13:30 til 16:00

Første utstillinga i Kunsthuset Kabuso 2018 opnar laurdag 20. januar kl 13.30 - velkomen!

Vinteren 2018 syner Ragna Bley (f.1986) utstillinga Zooid i Kabuso. Utstillinga består av ein serie store måleri på ubehandla seglduk og ei rekkje små bronseskulpturar sett saman til ein heilskap.

Måleria er tre meter høge og abstrakte i uttrykket. Utvatna akrylmåling på den kvite seglduken får fargane til å flyta ut og over i kvarandre på ein måte som minner om akvarell. I bileta trer det fram organiske og svevande formar som vert gjentekne i dei bitte små, knudrete bronsefigurane ein finn på golvet. Zooid er eit omgrep henta frå naturvitskapen og viser til dyr eller organismar som er del av ein større koloni, som til dømes algar og korallar. Elementa i utstillinga framstår og som ein heilskap, ein totalinstallasjon.


Ragna Bley er fødd i Uppsala i Sverige, men bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo og Royal College of Art i London. Bley har fått internasjonal merksemd og har stilt ut i mellom anna Hamburg, London og New York. Utstillinga Zooid har tidligare vore vist ved Kunsthall Oslo.