Norsk English

Utstillingsopning: Maria Nepomuceno

Kunsthuset Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

23.09.2017 13:30

Velkomen til opning av årets sprekaste utstilling - i Kabuso laurdag 23. september kl 13.30! Sjå også heildagsprogram med konserten Tidekverv og visning i Hardanger Skyspace:

KL 18: TIDEKVERV
Konsert med Benedicte Maurseth (hardingfele) | Berit Opheim (vokal)
Rolf Lislevand (lutt, teorbe, barokkgitar, el-gitar) | Håkon Mørch Stene (perkusjon)
>>> BILLETTAR HER

KL 19.30: HARDANGER SKYSPACE - visning av lysprogram. 
Introduksjon ved ein av våre formidlarar. 
>>> BILLETTAR HER

Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande material. Tau er det gjennomgåande materialet. Saman med perler, fletta strå, keramiske element med meir, skapar ho skulpturar som til dømes kan minna om levande vesen eller undersjøiske planter. Spiralforma går igjen og skulpturane endrar seg i møte med rommet dei vert stilt ut i.

Nepomuceno let seg inspirera av urfolket i Brasil sine handverkstradisjonar og fleire av verka vert til i eit kollektivt fellesskap. Tittelen på utstillinga, Afetosyntesis er sett saman av det portugisiske ordet afeto, som tyder hengivenheit eller kjærleik, og syntesis som tyder syntese eller foreining. Nyordet er inspirert av omgrepet fotosyntese, som skildrar korleis planter produserer livsnødvendig oksygen. Nepomuceno viser til kor viktig kjærleiken òg er for menneska - gjennom kunstverk som opnar for sanselege opplevingar. Utstilliga er produsert av Stavanger kunstmuseum.

Utstillinga står til 17. desember

Merk også øvrig program for dagen: 

KL 18: TIDEKVERV
Konsert med Benedicte Maurseth (hardingfele) | Berit Opheim (vokal)
Rolf Lislevand (lutt, teorbe, barokkgitar, el-gitar) | Håkon Mørch Stene (perkusjon)
>>> BILLETTAR HER

KL 19.30: HARDANGER SKYSPACE - visning av lysprogram. 
Introduksjon ved ein av våre formidlarar. 
>>> BILLETTAR HER