Norsk English

Tidekverv med Maurseth / Opheim / Lislevand / Stene

Konsertsalen i Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

23.09.2017 18:00

Laurdag 23. september kl 18 blir fokus sett på haustjamndøger i Kabuso. Dette blir gjort gjennom tekst og tonar i konserten Tidekverv.  

>>> BILLETTAR FINN DU HER

Medverkande:
Benedicte Maurseth (hardingfele) | Berit Opheim (vokal)
Rolf Lislevand (lutt, teorbe, barokkgitar, el-gitar) | Håkon Mørch Stene (perkusjon)


Benedicte Maurseth og Berit Opheim har saman skive eit nytt folkemusikkverk med tittelen Tidekverv - arrangert i samarbeid med medmusikarane Rolf Lislevand og Håkon Mørch Stene. 
Verket er komponert ut frå den tradisjonelle stilen i folkemusikken, i tonalitet og form - med tilsnitt av barokkimpulsar, samtidsmusikk og improvisasjon.

Konserten vil tematisk heidra dei døgna der sola står lengst/kortast på himmelen - og der sola snur og dag og natt er like lange:
sommarsolkverv og vintersolkverv, vårjamndøger og høstjamndøger.

Med Hardanger Skyspace på plass som ein del av tilbodet ved Kabuso, er årsrytmen til sola eit tema som stadig er ekstra aktuelt og interessant å følgja med på. Difor høver det ekstra godt at ein av dei første framføringane av Tidekverv finn stad her.

Tidekverv vart urframført på dagen for vårjamdøger under Oslo kirkemusikkfestival i år. Teksten til Tidekverv er ved dei to prisløna forfattarane Bergsveinn Birgisson og Erlend O. Nødtvedt.
Dette er ein tekst i klassisk balladestil - som ei av Noregs mest kjende balladar Draumkvedet. Svært få av dagens diktarar arbeidar innanfor ein slik stil og lite nytt tekstmateriale er skrive innan norsk folkemusikktradisjon generelt. På den måten vil Tidekverv vera eit prosjekt som heidrar, ivaretek og fornyar ei sentral og historisk diktform.


Kanskje passar det med ei visning i Hardanger Skyspace etter denne konserten? Visninga startar kl 19.30 og billettar finn du her.

>>> BILLETTAR TIL KONSERTEN FINN DU HER

 

Hardanger Skyspace Photo Helge Skodvin 1