Norsk English

Filmar: Tonemeisteren Geirr Tveitt og Ordmeisteren Olav H. Hauge

Konsertsalen, Kabuso

09.06.2017 00:00

Kabuso syner to interessante produksjonar av regissør Randi Storaas:
Tonemeisteren Geirr Tveitt og Ordmeisteren Olav H. Hauge

Om filmane:  
 

TONEMEISTEREN GEIRR TVEITT


Tveitt 75.Faksimile _bilde _fil .org


I filmen møter me komponisten og pianisten Geirr Tveitt frå Vikøy, Norheimsund i Hardanger. Det er Tveitt sjølv som fortel, syng og spelar. Me får vera med han til Leipzig i Tyskland i studietida, i dagleglivet i komponistheimen Bjødnabrakane, som ligg høgt oppe i lia over garden Tveit i Vikøy, og på konsertferdene hans i Europa og Nord-Afrika. Etter 15 år i Bjødnabrakane flytta han og familien ned til odelsgarden Tveit, og Geirr ynskjer oss velkomne til gards. Utgangspunktet for filmen er Geirr Tveitt sine eigne foto, supplert med foto-, lyd- og filmopptak frå ulike arkiv og private samlingar, fritt sett saman av filmskaparen.




ORDMEISTEREN OLAV H. HAUGE


74.Faksimile _bilde _fil .org

 

I filmen møter me gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i Hardanger heime i tunet på Hakastad. Det er Hauge sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og tek oss med i hus og hage. Me møter naturen og kvardagen som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det å skapa. Utgangspunktet for filmen er foto-, lyd- og filmopptak frå ulike arkiv og private samlingar, fritt sett saman av filmskaparen.

Filmane varar i 18 min. kvar og vert viste på førespurnad.  

Foto, Geirr Tveitt: Rolf Chr. Ulrichsen
Foto, Olav H. Hauge: Odd E. Nerbø 


Les meir på www.randistoraas.no