Norsk English

Lyttekurs i klassisk musikk: På scenekanten med Annabel Guaita og Jordi Mora

Konsertsalen, Kabuso

05.04.2017 18:00

På scenekanten i Kabuso: Onsdag 5. april kl 18 er du invitert til konsert og samtale mellom Annabel Guaita, pianist og formidlingsleiar ved KODE - Komponisthjemmene og den spanske dirigenten Jordi Mora. Musikk av Sæverud, Grieg og Geirr Tveitt.

>>>BILLETTAR FINN DU HER

 

Korleis kan me få ei djupare oppleving av klassisk musikk? Vil du losast inn i ei verd av venleik og dramatikk?
Det finst ingen fasit på korleis ein lyttar til musikk. Somme drøymer seg bort, somme sovnar. Somme får assosiasjonar medan andre ser fargar.

Musikk kan ein ikkje ta på, smaka på eller sjå på og krev difor eit spesielt nærvær for å bli inntatt i fulle drag. Med andre ord; det finst mange måtar å lytta på. Bli med på oppdagingsferd i din egen lytteprosess og... innover i Sæveruds musikalske landskap.

Guaita og Mora vil gjennom kvelden presentera musikalske godbitar med nokre perspektiv som vil "pakka opp" musikken og få oss til å lytta djupare.

Guaita omtalar lytteskulen slik:

Som lyttelos er jeg opptatt av å introdusere ulike innfallsvinkler til musikken slik at publikum får mulighet til å tydeliggjøre sin egen personlige lytteopplevelse. Vi lytter oss sakte innover i det musikalske landskapet.

Jeg tar utgangspunkt i en fenomenologisk, erfaringsbasert tilnærming. Gode diskusjoner med publikum under disse foredragene fører til bevisstgjøring omkring hva man hører og at man kan ha ulike oppfatninger av et verk. Publikum kan på denne måten oppleve økt oppmerksomhet og større konsentrasjon på en konsert.

Språk: engelsk

Les meir om kurshaldarane og tilnærminga her 
Sjå video-teaser for kurset her

>>>BILLETTAR TIL LYTTEKURS/KONSERT FINN DU HER
> >>HARDANGER SKYSPACE-VISNING KL 20.15 SAME KVELD

 


Jordi Mora Np