Norsk English

Eplejazz: IPA 

Kabuso

26.03.2017 14:00

Sundag 26. mars kl 14 kan du fylla med noko heilt utanom det vanlege: Akustisk energi, inspirert samspel, sterke melodiar - frå dei fem eksepsjonelle musikarane i IPA! 

>>> KJØP BILLETTAR HER

Norsk-svenske I.P.A  er kjent for akustisk energi, inspirert samspel og sterke melodiar miksa med eit meir ope materiale.  Dei er tungt influerte av 60-talets Ornette Coleman og Don Cherry, men har i høgaste grad utvikla eit eige uttrykk.

Bandet består av fem eksepsjonelle musikarar som alle har mykje på hjarta og mykje å by på musikalsk. Bandet har fire utgjevingar bak seg. Det siste albumet, I Just Did Say Something, kom ut i 2016 og er eit sant meisterverk. Likefullt, dette ensemblet bør aller helst opplevast live.

Atle Nymo - altsaksofon, bassklarinett
Magnus Broo - trompet
Mattias Ståhl - vibrafon
Ingebrigt Håker Flaten - kontrabass
Håkon Mjåseth Johansen - trommer

http://www.atlenymo.com/i-p-a/