Norsk English

Poesikonsert: La oss ta den blå himmelen med storm

Kunsthuset Kabuso

05.02.2017 14:00

Få med deg denne nyproduksjonen med forfattar Odveig Klyve og musikarane Erlend Apneseth (hardingfele) og Stephan Meidell (elektronikk) - i Kabuso sundag 5. februar kl 14! 
  
>>> KJØP BILLETTAR HER

I poesikonserten tilbyr utøvarane ei framsyning med nye dikt og nykomponert musikk med hardingfele, gitar og elektronikk, der miljøkamp  og konflikter mellom individ, samfunn og natur står i sentrum. 

Tekstane er henta frå diktsamlinga La oss ta den blå himmelen med storm (2015). Forfattar Odveig Klyve framfører dikta i dialog med musikarane og komponistane Erlend Apneseth og Stephan Meidell - musikk og  poesi blir formidla i ei utradisjonell form. Temaet i dikta er konflikten mellom individ, natur og samfunn, om teknologisk og kommersiell utnytting av urørt natur og gamle kulturlandskap eksemplifisert gjennom prosessen med utbyggjinga av monstermastene i Hardanger.

Musikken vekslar saumlaust mellom det komponerte og det improviserte, og blir framført med̊ hardingfele, gitar og elektronikk, der tradisjonsmusikken og utradisjonell musikk laga på tradisjonsinstrument, vil skapa ein sterk musikalsk dialog.

Musikken tek utgangspunkt i tekstane som innhald og som rytme, byggjer dette vidare til konkrete låtar og til meir abstrakte idear som klangbilde eller alternative teknikkar- med hardingfela og folkemusikken som basis.

Fleire av dikta er forma som skulpturar (figurdikt). Dette overfører også komponistane/musikarane til musikken og avspeglar slik korleis det estetiske og det etiske er samanvevd i det spesielle temaet som er bakgrunnen for å skapa eit slik framsyning.

Dikta som er utgangspunkt for framsyninga er omtalt slik:

"La oss ta den blå himmelen med storm er en svært aktuell diktsamling: klok, skarp, men også var og sanselig, og behandler den kanskje viktigste kampen menneskeheten står overfor. 
I en tid hvor lønnsomhet stadig truer forvaltningen av naturen, er økt bevissthet viktigere enn noen gang. "

Både i Rogaland, Hordaland og vidare oppover vestlandet er utbyggjing av store kraftlinjer gjennom gamle kulturlandskap og urørt natur aktuelle tema. Denne framsyninga ynskjer å vera eit bidrag til ein vidare refleksjon omkring dette. Kva ligg til grunn for dei vala vi gjer i desse sakene? Korleis kan vi formulera oss omkring dette? Kva er sagt og kva er enno ikkje sagt? Kan poesi og musikk vera stemmer som har noko å seia omkring noko så handfast som store elektriske installasjonar?

Arr: Kvam mållag og Kabuso

9788202491475