Norsk English

Barneverkstad: Leiker lagar kunst

Foajeen, Kabuso

04.02.2017 12:00 til 14:00

Mange ting vert i dag laga utan menneske. Robotar lagar bilar og mjølker kyr. På den måten går det raskare og vert billigare å produsere. Kan me gjere det same med kunst? Kan ein trekkoppleike laga kunst? Har leikene sine eigne uttrykk? Kva kan du bestemme, og kva bestemmer leiken? Bli med og eksperimenter med fargar og leiker på barneverkstaden i Kabuso.

Ta gjerne med ei trekkoppleike om du har.

Barneverkstadane i Kabuso er eit tilbod til born i alle aldrar og vert leidd av kunstnar Simone Hooymans. Dei siste åra har ho vore busett i Ålvik. Hooymans arbeider med teikning og animasjon.