Norsk English

Vinternatt m/Reidun Horvei og Inger-Kristine Rieber

Konsertsalen i Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

10.12.2017 18:00

Få med deg årets vakraste julekonsert - i Kabuso sundag 10. desember kl 18! Med Reidun Horvei (song) og Inger-Kristine Riber (piano).

Vinternatt er ein førjulskonsert som speglar ventetida, ei tid full av von og gleda! Dei gamle og kjære jolesongane vil me høyra om att og om att, år etter år. Nostalgien tek oss med attende til tida då me var små og himmelen var stjerneklår, og då det var så bitande kaldt at det knest under skoa då me gjekk i snjoen.

Denne snjobøra vert presentert gjennom vinterbilete av Wallevik, utlånt av Hardanger folkemuseum. Jolesongane hentar me fram att i nye arrangement som knyter til seg mange spanande soger frå Hardanger, Voss og Vaksdal.
Men me har også andre songar knytt opp til jolehøgtida, som til dømes Vinternatt med tekst av Olav. H. Hauge.
Vinteren speglar nordlyset og komposisjonen Aurora Borealis vert framført for fyrste gong med bilete av Terje Nesthus og Svein Ulvund.

Image002