Norsk English

Eplejazz: Wayne Brasel Group

Kabuso, Hardangerfjordvegen 626, Øystese

05.11.2017 18:00

Første sundagkvelden (kl 18) i november kan du bli med på jazzkafé i Kabuso. Høyr jazzgitarist Wayne Brasel saman med Norvald Dahl (piano), Jens Fossum (bass) og Jeff Boudreaux (trommer).

>>> BILLETTAR HER

Wayne Brasel er opprinneleg frå Kalifornia, men er busett i Stavanger der han underviser jazz på Stavanger musikkonservatorium. Han er ein gitarist og låtskrivar heilt i toppsjijktet.

Wayne Brasel Group er elles sett saman av:
- stjernetrommis Jeff Boudreaux
- den velrennomerte bassisten Jens Fossum
- ein framifrå pianist som nok er kjend for mange i kabusopublikumet; Norvald Dahl

Gruppa spelar utelukkande låtmateriale signert Brasel, og tilbakemeldingane frå publikum er svært gode. Gled deg!

Les og lytt meir her

>>> KJØP BILLETTAR HER