Norsk English

Klassisk: Hannie McGarity (fiolin) og Signe Bakke (piano)

Kammermusikksalen, Kabuso

30.10.2017 19:00 til 19:45

Klassisk aften på mandag kveld i Kabuso! Få med deg fiolinist Hannie McGarity og pianist Signe Bakke framføra Edvard Grieg og Christian Sinding. 

>>>BILLETTAR FINN DU HER

Amerikanske Hannie McGarrity vitjar Noreg som resultat av at ho vann ei større musikktevling i regi av The Edvard Grieg Society i Minnesota tidlegare i år. Tevlinga vart halden for å stimulera musikarar i alderen 18-26 år i fem statar til å utforska musikken til Edvard Grieg.
Les gjerne meir om McGarrity og konkurransen her

Signe Bakke ein aktiv pianist med breidt repertoar og variert konserterfaring. Bakke er utdanna ved Bergen musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole.
Les  gjerne meir om Signe Bakke her


PROGRAM


Edvard Grieg: Ved Mannjevningen fra musikken til Sigurd Jorsalsfar for fiolin og piano

Christian Sinding: Suite i a-moll op.10 for fiolin og piano 1.Presto 2.Adagio 3.Tempo giusto

Edvard Grieg: Sonate for fiolin og piano nr.3 i c-moll op.45 1.Allegro molto ed appasionato 2.Allegretto espressivo alla Romanza 3.Allegro animato


Signe Bakke 2 Foto Av Hans Knut Sveen Shv