Norsk English

Eplejazz: 1982 - Nils Økland/Sigbjørn Apeland/Øyvind Skarbø

Foajéen, Kabuso

29.01.2017 14:00

Sundag 29. januar kl 14 kan du få med deg ei heilt spesiell oppleving i Kabuso: Tre nyskapande og kreative musikarar skapar ei original verd av lyd -
og ei særeigen stemning det er lett å drøyma seg bort i! 

BILLETTAR I SAL HER 

1982 er: 
Nils Økland - hardingfeler, fiolin, viola d'amore
Sigbjørn Apeland - trøorgel
Øyvind Skarbø - trommer

1982 feirar 10 år! I løpet av desse åra har trioen gitt ut fire plater (og ein flaskepost, vert det sagt). Utgjevingane har vorte tatt svært godt imot, både nasjonalt og internasjonalt. 

I samband med jubileet kjem det ei nyutgjeving på plateselskapet Hubro, samt ein helt spesiell limited edition LP-boks. Her er det opptak frå samarbeidsprosjekta bandet har gjort med artistar som BJ Cole, Fredrik Ljungkvist, Trygve Seim med flere.


Mektig impro…En forsterket improtrio utforsker og overrasker.

- Bergens Tidende, Olav Gorseth 5/6 (N) 

  Lekenheten står sentralt. Det er både oppsiktsvekkende og hyggelig å høre hvordan den norske musikksenen fortsetter å produsere kvalitet på dette feltet.
- Aftenposten, Arild R Andersen 5/6 (N)

Les meir om 1982 her