Norsk English

Littlarm: David Bowie

Foajéen, Kabuso

02.07.2016 15:00

David Bowie - ein bauta innan pop- og rockehistoria - no også på nynorsk! 
Laurdag 2. juli kl 15 kan du høyra eit utval av songane hans framført i ny språkdrakt i foajéen i Kabuso!

Musikken til Bowie er kjenneteikna av sjangerleik, grensetøying og nyskaping. Tekstane hans har gjerne komme meir i bakgrunnen, og det kanskje med rette.
Men i alle strålande pop- eller rockesongar er orda likevel ein avgjerande del av heilskapen. Dette har LittLarm tidlegare utforska hjå Robert Johnson, Joni Mitchell og Patti Smith. No er turen komen til kameleonen David Bowie.

Littlarm har utfordra lekmann og lærd over heile landet til å bli med i tevlinga om dei beste David Bowie-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av eit eige husband med Heidi Marie Vestrheim, Stig Lundblad-Sandbakk, Nan Espeseth og Roy Ole Førland.  

Juryleiar i år er lyrikar, Brageprisvinnar og Bowie-fan Ruth Lillegraven - som også kjem med sitt bidrag.

Littlarm har gjort eit utval av 5 klassiske Bowie-songar som har vorte gjendikta og som eit lite og analogt husband tek mål av seg til å framføra:

Space Oddity (frå albumet med same namn, 1969)
The Man who Sold the World  (frå albumet med same namn, 1970)
Life on Mars  (frå albumet Hunky Dory, 1971)
Ashes to Ashes (frå albumet Scary Monsters 1980)
China Girl  (frå albumet Let's Dance 1983)


Billettar i sal i døra