Norsk English

Badnalarm: Hei Kalas! 

Konsertsalen, Kabuso

02.07.2016 12:00

Laurdag 2. juli kl 12 kan du bli med på kalas for heile familien i Kabuso! Heidi Marie Vestrheim, Roy Ole Førland og Anniken Theodorsen står i spissen for moroa.  

Heidi Marie Vestrheim - vokal, gitar
Anniken Teodorsen - vokal, keyboard
Roy Ole Førland - trommer, vokal, bass, keyboard

Hei Kalas! syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morsomme på ein trist måte eller triste på en morsom måte. Kvifor er verdensrommet uendeleg, kva skjer når nokon døyr og kvifor står alt det gode på øverste hylle, slik at ein ikkje rekk opp? Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting.

Hei Kalas! undrar seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Med fokus på gode tekstar klarar Hei Kalas! å formidla heilt daglegdagse ting på ein måte som både born og vaksne kjenner seg igjen i.
Songane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptekne av dei same tinga, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje bekymringsfritt å vera barn eller vaksen.

Gjennom fine og rare små historiar vil Hei Kalas! formidla det som engasjerer dei mest - undringa/forbausinga over at alt er som det er. 

Les og sjå video frå tidlegare festleg kalas:  
http://heikalas.no

Sikra deg billett til kalaset her: 
https://kabuso.ticketco.no/badnalarm_hei_kalas

Hei Kalas