Norsk English

Med'n Alf i eventyrskauen 

Konsertsalen, Kabuso

11.06.2016 15:00

Laurdag 11. juni kl. 15 er det duka for Hardingtonar og Alf Prøysen-framsyning mest for dei eldre. Med Tone Hulbækmo (song og forteljing), Elisabeth Vannebo (tuba) og Heine Bugge (trekkspel).

Alf Prøysen sine fantasifulle dyresongar vert formidla med spanande musisering. Du møter ein tordivel som er håplaust forelska i ei vakker fluge, eit ekorn som bur i ein tuba, og ein skrekkeleg humpete biltur i ein skranglete lada.

Tone Hulbækmo er frontfigur og ein framifrå formidlar, ho har evna til å levandegjera forteljinga med stemma, kroppspråk og humor. Elisabeth Vannebo (tuba) og Heine Bugge (trekkspel) krydrar det stødige kompet med oppfinnsame lydeffektar.

Konserten er eit samarbeid med Hardingtonar, Kvam herad og Den Kulturelle Spaserstokken.

Billettar i sal her


Foto: Lars Finborud